Friluftslivets år 2025
Kva er Friluftslivets år?
I 2025 er det Friluftslivets år, dette arrangerast kvart tiande år og er forankra i Stortingsmelding om friluftslive (2016). Markeringa består av å løfte fram lokal aktivitetar i heile Noreg og nasjonale tiltak. Vi skal forsterke alle dei gode friluftsaktivitetane og -arrangementa som vert planlagt og gjennomført rundt om i landet. Gjennom heile 2025 skal markeringa inspirere deg til å oppdage din nærnatur, invitere andre med og prøve nye friluftsaktivitetar. Les meir om Friluftslivets år 2025 på deira nettsider.
Årshjul Friluftslivets år
- Heile året | Finn din friluftsglede
- Heile året | Friluftsknappen
- Heile året | Kampen om Hulderskogen
- 18. januar (og påfølgjande veke) | Heile Noreg bålar
- 10. mai | Verdsdagen for fysisk helse
- 30. august - 7. september | Friluftslivets veke
- 10. oktober | Heile Noreg saman på tur - Verdsdagen for psykisk helse
- 5. desember | Heile Noreg feirar friluftslivet - Frivillegheta sin dag
Enkelt søknadsskjema
Kommunar, Frivilligsentralar, lag, organisasjonar, skular og barnehagar kan søke om opp til 10.000kr i tilskot frå Sogn friluftsråd til å gjennomføre aktivitetar eller arrangement i Friluftslivets år. Vi handsamar søknadane forløpande, ingen søknadsfrist. Fokusområda for Friluftslivets år skal gjenspelast i aktivitetane som får tilskot. Aktivitetar og arrangement som vektleggast i prioriteringa av søknadane er (i rekkefølge):
Vår prioritering
- Tiltak som stimulerar direkte til aktivitetar i naturen.
- Aktivitet som er retta mot samfunnsgrupper som i liten grad er ute i naturen.
- Aktivitetar som inkluderar personar med særskilde behov.
- Aktivitetar som nytter frivillig innsats, eigne ressursar og/eller er spleiselag med fleire.
- Aktivitetar som planleggast slik at deltakarane kan gå, sykle, ta kollektiv transport eller køyre saman.
- Aktivitetar som fremjer gjenbruk og lån av utstyr.
- Involvering av deltakarar anten i planlegginga eller i gjennomføring av aktiviteten eller arrangementet.
Retningslinjer for søkjarar
- Midlane skal gå uavkorta til friluftaktivitet og marknadsføring av aktivitetane/arrangementa. Det vil seie at ein ikkje får tilskot til administrasjon.
- Aktivitetane og arrangementa skal vere open for alle, uavhengig av for eksempel medlemskap.
- Arrangementa skal leggast inn i Norsk Friluftsliv sin aktivitetskalender.
- I marknadsføringa bør ein nytte profileringsmateriale utarbeida av Norsk Friluftsliv.
- Sende rekneskap, oppsummering og bileter til Sogn Friluftsråd når aktiviteten eller arrangementet er gjennomført.