Sogn friluftsråd
Meir friluftsliv for alle, heile året!
Sogn friluftsråd blei stifta 16. februar 2024 som eit kommunalt oppgåvefellesskap for kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.
Sogn friluftsråd er medlem i Friluftsrådenes Landsforbund. Friluftsråda skal som interkommunale samarbeidsorgan ivareta friluftsoppgåver for medlemskommunane. I hovudsak arbeidar friluftsråda med område og oppgåver som har betydning for befolkninga i heile regionen, medan kommunane har ansvar for dei heilt lokale sakene.
Sogn friluftsråd har ambisjonar om å bli ein viktig samfunnsaktør som set friluftsliv på dagsorden i heile regionen. I samarbeid med deltakarkommunane, fylkeskommune, andre offentlege myndigheiter og organisasjonar skal friluftsrådet fremje eit allsidig og miljøvenleg friluftsliv i heile regionen, til det beste for befolkninga si helse og trivnad.