1. Hjem
  2. Aktivitetstilbod
  3. Friluftsvenn

Friluftsvenn

Bli med på lågterskelturar!

 18.01.2025 Kom deg ut - Sogn friluftsråd.jpg Foto: Vegard Aasen

Friluftsvenn er eit gratis tilbod der vi møtest til enkle gåturar og aktivitetar ute – ein dag i veka, i fleire bygder i Sogn. Turen varer om lag ein time og blir kombinert med ei kort aktivitet som avspenning, leik, lett styrke, konkurranse eller bålkos. Målet er å skape eit trygt og sosialt fellesskap der alle kan vere med, uansett alder og formnivå.

Tilbodet er ope for alle – heilt utan påmelding eller kostnad. Informasjon om turane blir delt i lokale Facebook-grupper for kvar stad.

 

Bli frivillig turleiar

Har du lyst til å bidra til meir aktivitet og fellesskap i bygda di?
Som frivillig friluftsvenn får du vere med å planlegge og leie turane, gjerne saman med ein annan turleiar. Du blir del av eit inkluderande miljø, får opplæring og tilgang til ei tursekk med det du treng for å gå tur i nærmiljøet.

Du treng ikkje vere ekspert – berre ha lyst til å engasjere deg og skape trivsel i nærmiljøet!
Frisklivssentralen og fysioterapeutar gir opplæring, inkludert førstehjelpskurs for alle frivillige.

Dersom de er eit lag, ei gruppe eller ein organisasjon som ønskjer å gjennomføre aktivitet for målgruppa til Sogn Friluftsråd sitt friluftsvenn-konsept, og på dei premissane som ligg til grunn for tilbodet (lågterskel, inkluderande og ope for alle), kan de søkje om motivasjonsmidlar.

Det kan søkjast om støtte på inntil 5000 kroner. Søknad vert sendt via skjemaet nedanfor.

Vil du bli med?
Ta kontakt med:
ingrid.emilie.aarflot@sognfriluftsrad.no
910 04 317

 

 

 

Søknadsskjema for tilskot til Friluftsvenn