Vil du bidra til eit reinare Sogn?  

Her er ein enkel og praktisk guide til korleis du kan vera med og bidra

  Rydding.jpg   

Foto: Hold Norge Rent

 

1. 🗺️Finn ut kvar du kan rydde 

Bruk Ryddenorge.no sitt RYDDEKART for å sjå område som er forsøpla eller om det er planlagt ryddeaksjonar i ditt nærområde.
Du kan sjølvsagt også velja å rydda i område du veit treng ein opprydding, men registrer gjerne aksjonen så andre kan sjå den planlagde aktiviteten.

 

2. 👪Rydd saman 

Det er både morosamt og effektivt å rydda saman med venner eller familie. 
Finn du ingen å rydda med? Sjekk om det er planlagde ryddeaksjonar i nærleiken eller registrer din eigen på Ryddenorge.no og inviter andre med.

 

3. 📍Skaff ryddeutstyr og legg ein plan for å levera avfallet 

På  Ryddenorge.no sitt kart finn du oversikt over: 

  • Hentepunkt for ryddeutstyr (aktiver visning av kartlag "ryddeutstyr")
  • Leveringsstader for avfall (aktiver visning av kartlag "avfallshåndtering")

For rettleiing til handtering av avfall i Sogn, klikk innom SIMAS

 

4. 📋Rydd trygt og effektivt 

For å sikra ein trygg og effektiv ryddeaksjon, sjekk ut rettleiarene frå Hold Norge Rent:

 

5. 📊Bidra til å forhindra forsøpling

Ei enkel registrering av kvar og kor mykje du har rydda gir verdifulle data. Ei meir detaljert registrering er eit viktig bidrag til folkeforskinga som jobbar målretta med å forhindra forsøpling. Registrer aksjonen og på ryddenorge.no

 

6. 💰Få dekka kostnader

Har du organisert ein ryddeaksjon med frivillige og hatt utgifter knytt til rydding av marint avfall? Då kan du få dekka kostnadene gjennom Refusjonsordninga. Ordninga skal sikre at alle som bidreg til at frivillige ryddar marint avfall, kan få tilbakebetalt utgifter til transport og handsaming av avfallet – og til transport av frivillige.

Refusjonsordninga har årleg søknadsfrist i november. Alt du treng å vite om Refusjonsordninga
🔗 https://holdnorgerent.no/refusjonsordningen


📚Vil du vite meir?

Hold Norge Rent har samla alt du treng å vite om forsøpling i si Kunnskapsbase – frå fagartiklar og oppdatert ryddestatistikk til informative illustrasjonar.
🔗 https://holdnorgerent.no/kunnskapsbase

 

Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt!
Takk for at du engasjerer deg!!