1. Hjem
  2. Prosjekt
  3. Stikk UT!

Stikk UT!

Stikk UT! i Sogn startar opp som ein del av Friluftslivets år 2025.  

SETÅLEN SOLVORN SOGNEFJORD FOTO VEGARD AASEN.png 

Stikk UT! er Norge sin mest populære turtrim og består av merka turstiar med turmål der ein kode for turen vert registreres digitalt.
 

Stikk UT!-sesongen

Sesongen vil vere i perioden 1. mai - 31. oktober.

I kvar kommune vil det vere 10 - 15 turmål av ulik vanskegrad. Årleg vil vi skifte ut 2-4 turar for å variasjon i turane. Kommunane må sjølv vurdere kva turmål som er aktuelle år for år. Eit Stikk UT!- turmål må ha gode parkeingsmoglegheiter, vere godt skilta og merka, ha turskildring med bilde/tekst/gps-spor og tåle belastninga turtrimmen vil medføre. Eit kvart Stikk UT!-turmål må avklarast med grunneigar i forkant.

Samarbeid er nøkkelen

Stikk UT! skal vere eit samarbeidsprosjekt mellom frivillige, grunneigarar, Stikk UT!-kontaktar i kommunane og friluftsråda. Kommunane har ansvar for kontakten med dei frivillige og grunneigarar. Dette er avgjerande at Stikk UT! skal fungere godt.

Stkk UT! -appen

Stikk UT! skal vere for alle. Det skal difor vere gratis å delta og ein god variasjon i type turar. Ein deltar i Stikk UT! ved å laste ned ein gratis og brukarvenleg app. 

 

Konkurranse

Aktive Stikk UT! deltakarar vil bli premierte med flotte premiar med i Stikk-UT! motiv. Vi vil i tillegg etablere Stikk UT! bedrift som eit eige konsept. Dette vil passe for både private og offentlege arbeidsplassar, og vere eit aktivitetstiltak som skapar samhald, aktivitet og gode fellesopplevingar... men samstundes litt konkurranse!

Vårt mål

Vi ser for oss Stikk UT! som eit fleireårig prosjekt. I første omgong vil vi i 2025 teste ut Stikk UT! i to eller tre av våre medlemskommunar, med mål om å utvide tilbodet til heile regionen året etter. 

Prosjektet startar i januar 2025.