Friluftsskulen i Sogn
Ferieminner som seint vert gløymt!
Foto: Vegard Aasen
Friluftsskulen er eit gratis og opent ferietilbod for barn og ungdom mellom 10 og 13 år. Målet er å gi deltakarane ein lystbetont og trygg introduksjon til friluftslivet – med fokus på gode opplevingar, meistring, vennskap og glede ute i naturen. Friluftsskulen vert gjennomført i nærmiljøet, slik at flest mogleg kan delta utan behov for reise eller kostnader.
Friluftsskular i vinter-, sommar- og haustferie
Sogn Friluftsråd arrangerer friluftsskular i skuleferiar: vinter-, sommar- og haustferie. Tilbodet er fordelt på dei seks medlemskommunane våre Aurland, Lærdal, Årdal, Vik, Sogndal og Luster.
Friluftsskulen varer vanlegvis i to til fire dagar, frå kl. 09.00 til 15.00. Ein av dagane er som regel ein valfri overnatting, ute eller på ein hytte. Vi er ute heile dagen, og aktivitetane kan variere med årstid og stad – men typisk inkluderer dei padling, sykling, turgåing, leik, matlaging på bål og naturkunnskap.
Det vert servert gratis lunsj kvar dag, og alt nødvendig utstyr får du låne av oss. Alle aktivitetar blir leia av kompetente aktivitetsleiarar med utdanning innan friluftsliv eller pedagogiske fag.
Påmelding
Informasjon om påmelding vert annonsert i våre kanalar i god tid i forkant av kvar friluftsskule. Følg oss på Facebook og Instagram for oppdateringar. Plassane blir tildelt etter «førstemann til mølla»-prinsippet, og tilbodet blir som regel raskt fullt – så det løner seg å vere tidleg ute.
Dersom du har eit barn – eller kjenner nokon – som du meiner vil ha særleg glede eller nytte av å vere med på Friluftsskulen, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss direkte for å avtale plass.
Kontakt
Har du spørsmål om Friluftsskulane?
Ingrid Emilie Aarflot
ingrid.emilie.aarflot@sognfriluftsrad.no
91004317