God jul og godt nyttår!
Kjære innbyggjarar i Sogn,
Endeleg er Sogn friluftsråd på plass og i full gong, med eit engasjert styre og flinke tilsette fulle av pågangsmot!
Sogn har ein heilt unik natur, med fjord, fjell, skogar og vatn som gir oss fantastiske moglegheiter for naturopplevingar. Gjennom det nye friluftsrådet vil vi jobbe for å gjere desse opplevingane endå meir tilgjengelege for alle, samtidig som vi tek vare på naturen for framtidige generasjonar.
Regionalt samarbeid som dette gir oss kraft til å få til meir enn kvar kommune kan gjere åleine - og turstiane våre stoppar heller ikkje på kommunegrensa! Vi skal lage gode tilbod for born og unge, og arbeide for at alle – uansett alder og føresetnader – kan få oppleve gleda ved å vere ute i naturen. Vi skal bruke fjorden som knutepunkt, og har eit prosjekt om utvikling av ro- og padleruter langs Sognefjorden. Det er allereie mykje aktivitet i det ferske friluftsrådet vårt, og vi vonar at Friluftslivets år kan bidra til å inspirere enda fleire til å oppdage gleda ved naturen, og styrke folkehelsa gjennom aktivitet og samhald.
For friluftslivet handlar ikkje berre om aktivitet, men også om fellesskap. Vi håpar på di støtte og ditt engasjement framover – anten det er som brukar av tilboda, frivillig i prosjekt, eller berre som ein som nyt naturen rundt oss.
Friluftslivet er ein møteplass der alle er velkomne, og vi håpar at både høgtida og det nye året vil bli fylt med fellesskap, inkludering og gode opplevingar i naturen.
Riktig god jul og godt nytt år frå oss i Sogn Friluftsråd!
Beste helsing,
Kristin Rundsveen Bøtun
Styreleiar, Sogn Friluftsråd