1. Hjem
  2. Sommarjobb i friluftsskulen
Sommarjobb i friluftsskulen - headerbilde Håvard Nesbø

Dato skrevet 10.03.2025 21:35 . Endret 18.03.2025 12:27 .

Har du lyst på ein aktiv og givande sommarjobb?

Vi vil i sommar arrangere ein eller fleire friluftskular i alle dei seks medlemskommunane og Sogn friluftsråd søkjer engasjerte instruktørar til å gjennomføre friluftsskulane. Aktuelle veker for sommarjobb er 26, 27, 28, 31, 32 og 33.

Friluftsskulen er eit tilbod for born og unge i alderen 10 - 13 år. Målet med Friluftsskulen er å gi deltakarane ein lystbetont introduksjon til friluftslivet. Friluftsskulane skal vere inkluderande og open for alle.   

Søknadsfrist er 23. mars. 

Søk sommarjobb i friluftsskulen her.