Kick-off ro- og padleruter Sognefjorden
Har du interesse for friluftsliv på Sognefjorden?
Sogn Friluftsråd, Vestland fylkeskommune og Norges Padleforbund ønskjer velkomen til kick off for prosjektet Ro- og padleruter på Sognefjorden.
Tid: 2. april, kl 18:00-20:00
Stad: ViteMeir, Kaupanger
Forfattar og journalist Sigri Sandberg kjem denne kvelden med føredraget "Ro- om Sognefjorden og ein lang rotur heim".
Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år.
Forfattar og journalist Sigri Sandberg lengtar etter ro - og bestemmer seg for å ro og fortelje om denne fjorden.
Vil du bli med om bord?
Program:
18:00 – Velkomen ved Sogn Friluftsråd
18:10 – Info om Ro- og padleruter på Sognefjorden ved Vestland fylkeskommune
18:25 – Pause
18:30 – Inspirasjonsforedrag ved Sigri Sandberg
19:15 – Intro ved Norges Padleforbund
19:25 – Workshop: Ruter på Sognefjorden
Lett servering i pausen.
Påmelding