1. Hjem
  2. Fjordkveld-turné veke 24
Fjordkveld-turné veke 24  - headerbilde Peter Førsund

Dato skrevet 28.04.2025 11:05 . Endret 29.05.2025 10:22 .

   _Livet i og ved fjorden (3).png      

Etter fjorårssuksessen inviterer Sogn Friluftsråd igjen til ein serie fjordkveldar i samarbeid med Framtidshavet, Fjordane Friluftsråd og Sogndal Kommune. 

Med forfattar og fjordentusiast Sigri Sandberg, marinbiolog og formidlar Pia Ve Dahlen, eldsjel, plastryddar og initiativtakar til Rein Sognefjord Kenneth Bruvik, lokale perspektiv og sterke forteljingar frå fjorden, inviterer vi til ei oppleving som både varmar og vekkjer.

Det blir moglegheit for kjøp av drikke.

Kvelden vert avslutta i eit musikalsk landskap der draumande melodiar og ektefølte tekstar smeltar saman til noko heilt eige. Line Dybedal målar sterke og levande bilete med musikken som lerret og teksten som pensel. Med si varme og klåre stemme, akkompagnert av dei funklande tonane frå gitarist Inge Ronny Kvåle, tek ho publikum med på ei reise fylt av stemning, nærleik og musikalske augeblikk. 

 

For meir innformasjon om programmet, sjekk ut arrangementene nær deg:

📍 Onsdag 10. september – Balestrand

Fjordkveld i Balestrand – livet i og ved fjorden | Facebook

📍 Torsdag 11. september – Sogndal

Fjordkveld i Sogndal - Livet i og ved fjorden | Facebook

📍 Fredag 12. september – Aurland

Fjordkveld i Aurland - Livet i og ved fjorden | Facebook