Frå fjell til fjord samla 80 ungdommar til friluftsfestival i Balestrand
Den siste helga i august samla Sogn friluftsråd rundt 80 ungdommar frå heile Sogn til den aller første Frå fjell til fjord-festivalen på Kvamsøy i Balestrand. Helga baud på alt frå fridykking, djuphavsfiske og sykling til paintball, rappellering og leirliv.
Foto: Veri media
Ein møteplass for ungdom frå heile Sogn
Festivalen var retta mot ungdom frå 7.–10. trinn og er ein del av Sogn friluftsråd si satsing Ungdom i natur. Målet med satsinga er å gi ungdom eit gratis og variert friluftstilbod, der terskelen for å prøve nye aktivitetar skal vere låg. Gjennom festivalhelga ønskte vi å vise kor mykje forskjellig friluftsliv kan vere, samtidig som vi ville skape ein møteplass der ungdom frå ulike delar av Sogn kunne bli kjende med kvarandre. Sogn friluftsråd omfattar kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal, og ungdommane bur spreidde over eit stort geografisk område. Derfor er det ekstra kjekt å kunne samle dei til ei felles helg på tvers av kommunegrensene.
Aktivitetar på land og i vatn
Kvamsøy vart valt som festivalområde fordi det gav gode moglegheiter for aktivitet både på land og i vatn, samtidig som Balestrand sentrum og fleire lokale aktivitetstilbod låg i nærleiken. Programmet gjennom helga var stort og variert. På laurdagen kunne ungdommane mellom anna velje mellom sykling, skyting og leirdueskyting, djuphavsfiske, paintball, frisbeegolf og Amazing Race. Seinare på dagen stod blant anna fridykking, fiske frå kano, spikking og bål og ein eigen surprise-aktivitet på programmet. Her fekk deltakarane kombinere tur, rappellering og aktivitet på vatnet, og aktiviteten vart trekt fram som eit av høgdepunkta av ungdommane.
Etter ein lang dag med aktivitet samla alle seg på Kvamsøy til taco, leir og silent disco. Søndag vart det friare aktivitetar med mellom anna bading, kano og tur, og dei som ønskte ei ekstra utfordring kunne bli med på minitriatlon. Eit viktig mål med festivalen var at ungdommane ikkje skulle måtte vere flinke i ein aktivitet før dei melde seg på. Her skulle det vere lov å vere nybyrjar, prøve seg fram og kanskje oppdage ein aktivitet ein aldri hadde vurdert tidlegare. For oss handlar friluftsliv heller ikkje berre om sjølve aktiviteten, men like mykje om det sosiale rundt – å vere ute saman, møte nye menneske og dele opplevingar med andre.
Stor innsats frå frivillige og lokale aktørar
Festivalen hadde ikkje vore mogleg utan den store innsatsen frå lokale lag, organisasjonar, aktivitetsaktørar, foreldre og frivillige. Mange stilte med både kompetanse, utstyr, båtar, matlaging, transport og praktisk hjelp gjennom heile helga. Det gjorde at vi kunne tilby ungdommane eit langt breiare og meir variert program enn vi kunne ha fått til åleine. Vi er utruleg takksame for alle som stilte opp og bidrog til å skape ei trygg, sosial og innhaldsrik helg for ungdommane.
Vi håpar dette berre var starten
Etter den første Frå fjell til fjord-festivalen sit vi att med mange gode erfaringar og ei veldig god kjensle. No tek vi med oss det vi har lært vidare og byrjar allereie å sjå fram mot neste år. Målet er å samle ungdom frå heile Sogn til ein ny Frå fjell til fjord-festival på omtrent same tid i 2027. Vi håpar dette berre var starten.
 (1).png?v=1782736117701)