Følg oss her for innblikk i aktivitetar og tiltak i regi av friluftsrådet.
Friluftslivet kjenner ikkje kommunegrenser, og friluftsrådet vil sørge for at vi får tettare samarbeid og samanheng når vi set friluftsliv på agendaen i sognekommunane. Friluftsliv spelar ei avgjerande rolle for høg livskvalitet for innbyggjarane våre, og er ein nøkkelingrediens i å gjere regionen vår attraktiv for både innbyggjarar og tilreisande. Ikkje minst ynskjer friluftsråda å spele ei aktiv rolle i løysinga overfor natur- og klimakrisa. Ved å kunne byggje ansvarsfølelse og kompetanse hjå barn og unge bidreg vil til eit mangfald av positive effektar for samfunnet vårt som heilskap.
Kontakt oss om du har gode idear og forslag til satsingar for friluftsrådet!