Ro- og padleruter på Sognefjorden
Ein meir tilgjengeleg fjord for fleire
Vestland fylkeskommune har gjennom prosjektet ro- og padleruter i Vestland tatt ei koordinerande
rolle i arbeidet med å kartfeste og tilrettelegge ro- og padleruter i fylket. Med dette prosjektet vil
fylkeskommunen gjere det enklare å finne informasjon om:
• Kvar det er fint å ro og padle
• Kva ferdigheiter du treng for å padle ei rute
• Kva tilrettelegging og fasilitetar du finn langs ruta
Som ein del av denne satsninga er Sogn friluftsråd er blitt engasjert til å sette i gang delprosjektet Ro- og padleruter på Sognefjorden. Ved å få ei oversikt kva som finns av ro- og padlemoglegheiter, tilrettelegging og overnattingsmoglegheiter på og ved fjorden, er det ynskjeleg å skape eit nettverk av padleruter som til saman kan utgjere ei eller fleire padleleier på Sognefjorden.
Prosjektet vil starte opp i januar/februar 2025.
Påmelding Kick-off Ro og padleruter på Sognefjorden